Den internasjonale museumsdagen
Foto: Ingvil Skeie Ljones / Hauge-senteret

Den internasjonale museumsdagen

Hauge-senteret feirar Den internasjonale museumsdagen med gratis inngang i museet søndag 21. mai.

Den internasjonale museumsdagen vert markert over heile landet denne dagen, og årleg deltek rundt 35.000 museum i over 140 land. Temaet for 2017 er museum og omstridde historiar – å fortelje det usagde i museet. Musea kan lyfte fram emne som lenge har vore skjult, og stille spørsmål ved etablerte sanningar.

Hauge-senteret markerer museumsdagen med gratis inngang i museet. I tillegg utlyser vi ein konkurranse med utgangspunkt i Hauge sitt liv og verk. Olav H. Hauge var i fleire periodar innlagd på Valen psykiatriske sjukehus. Hauge-senteret har valt å ikkje legge stor vekt på denne delen av Hauge sitt liv i utstillinga. Likevel er det ingen tvil om at Hauge sin mentale sjukdom har hatt mykje å seie for diktinga hans. Eit dikt i utstillinga på Hauge-senteret talar særskild om dette. Klarar du finne diktet?

Finn diktet, ta eit bilete av det og legg det på Instagram under #Hauge-senteret#museumsdagen. Vi trekkjer ein vinnar blant dei som deler, og gåva er ein flott bokpremie frå museumsbutikken på Hauge-senteret.