Regjeringa prioriterer vekk Vinje-senteret: – Stortinget må gjere det regjeringa ikkje vil

– Vi er vonbrotne over at regjeringa heller ikkje denne gongen har prioritert Vinje-senteret for dikting og journalistikk i statsbudsjettet, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum. – Arbeidet er godt i gang, dagleg leiar er tilsett, og vi har vist før at vi leverer. Stortinget satsa på Vinje-senteret i fjor, og når regjeringa ikkje følgjer opp, set vi på ny vår lit til stortingsfleirtalet, seier Solholm.

Framlegg til språkreglar for Vestlandsregionen

Fylkestinga bør vedta nynorsk administrasjonsspråk med språkreglar som tek vare på dei språklege rettane til både tilsette og private (personar, institusjonar, organisasjonar, bedrifter). Ved å følgje reglane for språk i statstenesta på eitt punkt og svare private på det språket dei sjølve bruker, sikrar regionen rettane også til dei mange som bruker bokmål privat, og som er i fleirtal i regionen. Nynorsk kultursentrum har laga eit framlegg til slike språkreglar. Språkreglane ligg ved som pdf både med og utan kommentarar nedst i artikkelen.

Språk i Vestlandsregionen

Nynorsk kultursentrum bed dei tre fylkestinga vedta at staten skal bruke nynorsk overfor den nye regionen i samsvar med § 5 i mållova. Likeins bed vi fylkestinga vedta klare reglar for nynorsk som administrasjonsspråk i regionen, med klare språklege rettar for tilsette og innbyggjarar i samsvar med § 6 i mållova. Vi bed også om at fylkestinga inkluderer arbeid for klart språk i desse språkreglane.
Nedanfor grunngir vi tilrådingane, og vi legg ved framlegg til språkreglar saman med oppdaterte «Språkfakta om Vestlandsregionen».