Kattejakta

Kattejakta er eit aktivitetstilbod for dei minste. Katten til Hauge har gøymt seg fleire stadar i utstillinga på Hauge-senteret. Gjennom å fylgja kattespora finn ungane katten på uventa stadar, og blir samtidig kjende med både Hauge og katten. Ved fullført kattejakt ventar det ein skikkeleg kattepremie i resepsjonen.