Velkomen til Hauge-senteret
Kjem T’ao Ch’ien
på vitjing ein dag, vil eg
syna han kissebertrei og aplane mine
I Olav H. Hauge si dikting har lokale motiv klangbotn i eit større univers. Interessa for Hauge si dikting ute i verda er stor. Eit overordna mål med Haugesenteret er å knyta saman det lokale og det internasjonale – Hauge til verda og verda til Ulvik!
Haugesenteret skal vera ein stad for fordjuping i og formidling av Hauge si dikting. Vidare skal det vera ein arena for nyskaping innan lyrikk, kunst og kultur. Haugesenteret skal vera ein nasjonal og internasjonal møteplass med forankring i lokal og regional kunst og kultur.
|
Mange idear for Hauge-senteret |
|
|
|
|
Skrive av Haugesenteret
|
|
måndag 16. november 2009 12:17 |
I oktober har ein diskutert kva Hauge-senteret bør verte på tre idédugnadar, i Oslo, Bergen og Ulvik.Over 60 personar har vore involvert i prosessen, og personar med ulik bakgrunn og frå ulike miljø har vore representert. |
|
Sist oppdatert måndag 16. november 2009 12:44 |
|
Les meir …
|
|
Skrive av Haugesenteret
|
|
måndag 19. oktober 2009 10:56 |
Nettsidene for Olav H. Hauge vart i dag offisielt lanserte på Brakanes Skule. Under arbeidet med sidene har mottoet vore "litt meir". Om ein er nysgjerring på Hauge eller allereie kjenner forfattarskapen hans, skal skriva særemne om han eller forska på dikta hans, skal ein finne "litt meir" stoff her. Sjå sidene her. |
|
Sist oppdatert måndag 19. oktober 2009 11:22 |
|
Les meir …
|
|
|
Poetiske rom i Hauge-senteret |
|
|
|
|
Skrive av Haugesenteret
|
|
tysdag 27. oktober 2009 15:10 |
Johanne Marie Time Aksnes si ”Ei rom-forteljing etter Olav H. Hauges tekstlandskap” skal synast fram i Hauge-senteret.
Time Aksnes er student ved Bergen Arkitektskole, og i 2008 under Ulvik Poesifestival, fekk ho Venelaget Olav H. Hauge sitt studiestipend med eit prosjekt der ho ynskjer å undersøka rommetaforar i Hauge si dikting. |
|
Sist oppdatert tysdag 27. oktober 2009 15:19 |
|
Les meir …
|
|
"The Other Man" i New York |
|
|
|
|
Skrive av Haugesenteret
|
|
måndag 19. oktober 2009 10:23 |
Vigdis Nielsen sin dokumentar om Olav H. Hauge "Den andre mannen" skal synast fram på New York Independent Film Festival, tysdag 27.oktober 2009. Eit utdrag frå festivalen sin presentasjon av filmen lyder: "A lyrical and strong portrait of the life, mind and work of the Norwegian poet, Olav H. Hauge. He spent long periods at a mental hospital. The filmatic portrait of this troubled and intense artist is like a poem in itself". |
|
Les meir …
|
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |