Velkomen til Hauge-senteret

Kjem T’ao Ch’ien
på vitjing ein dag, vil eg
syna han kissebertrei og aplane mine


I Olav H. Hauge si dikting har lokale motiv klangbotn i eit større univers. Interessa for Hauge si dikting ute i verda er stor. Eit overordna mål med Haugesenteret er å knyta saman det lokale og det internasjonale – Hauge til verda og verda til Ulvik!

Haugesenteret skal vera ein stad for fordjuping i og formidling av Hauge si dikting. Vidare skal det vera ein arena for nyskaping innan lyrikk, kunst og kultur. Haugesenteret skal vera ein nasjonal og internasjonal møteplass med forankring i lokal og regional kunst og kultur.
Hiphop frå Hovdebygda møter Ulvik og Voss PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
torsdag 18. mars 2010 10:34

Gjer deg klar for urban bygderap når ungdom frå Brakanes og Bjørgum Skule skal rappa saman med Side Brok, 28.mars på Vossa Jazz.

- Rap handlar om identitet og leik med ord. Som rappar tek ein utgangspunkt i sitt eige liv og kvar ein kjem i frå, og rappar om det -og det skjer nøyaktig like mykje i Ulvik som i New York, så det er nok å ta tak i, seier Runar Gudnason, alias Sjef R, i Side Brok.

Sist oppdatert torsdag 18. mars 2010 10:53
Les meir …
 
Nye medlemmer i styret PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
fredag 15. januar 2010 12:30

Styret i Olav H. Hauge-stiftinga har fått to nye styremedlem i 2010.

Ingrid Nielsen og Randi Skeie vart ynskt velkomne som styremedlem på styremøte i Stiftinga 13.januar. 

Sist oppdatert fredag 15. januar 2010 12:46
Les meir …
 
"Den andre mannen" på kunstfilmfestival i Montreal, Canada PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
tysdag 16. mars 2010 16:57

Vigdis Nielsen sitt portrett av Olav H. Hauge er teken ut til konkurransen på festivalen "Festival International du Film sur l'Art.

 

Sist oppdatert tysdag 16. mars 2010 17:24
Les meir …
 
Hauge-senteret på facebook PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
tysdag 12. januar 2010 11:58

Hauge-senteret har ei side på facebook.

Her kan du enkelt fylgja med på det som skjer kring etableringa av Hauge-senteret, og kring Olav H. Hauge.

Peikar til gruppa her.

Sist oppdatert onsdag 26. mai 2010 15:18
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL