Velkomen til Hauge-senteret

Kjem T’ao Ch’ien
på vitjing ein dag, vil eg
syna han kissebertrei og aplane mine


I Olav H. Hauge si dikting har lokale motiv klangbotn i eit større univers. Interessa for Hauge si dikting ute i verda er stor. Eit overordna mål med Haugesenteret er å knyta saman det lokale og det internasjonale – Hauge til verda og verda til Ulvik!

Haugesenteret skal vera ein stad for fordjuping i og formidling av Hauge si dikting. Vidare skal det vera ein arena for nyskaping innan lyrikk, kunst og kultur. Haugesenteret skal vera ein nasjonal og internasjonal møteplass med forankring i lokal og regional kunst og kultur.
"Seven Winds" i alle retningar! PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
måndag 21. september 2009 14:58

Albumet "Seven Winds" med tonesetjingar til Hauge-dikt vert lansert denne veka.

Musikarane som står bak albumet er Unni Løvlid, Becaye Aw og Rolf-Erik Nystrøm. Dei kler Hauge-dikta opp i alt frå funk, ballade, vise, jazz, folk og ny musikk, alt etter kva "Seven Winds" tykkjer passar dei ulike dikta best.  

Sist oppdatert måndag 21. september 2009 15:39
Les meir …
 
Idédugnadar for Hauge-senteret PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
fredag 11. september 2009 10:40

I samband med at ein no går i gang med forprosjektet, skipar Hauge-stiftinga til tre idédugnadar i haust, i Oslo, Bergen og Ulvik.
Her ynskjer ein å samla folk med ulik bakgrunn og ulike innfallsvinklar for å få fram dei gode ideane. Kva ambisjonar skal ein ha for Hauge-senteret? Kva skal det romma?

Sist oppdatert torsdag 17. september 2009 10:48
Les meir …
 
700 000 til Diktarvegen PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
fredag 11. september 2009 12:49

Kommunal- og regionaldepartementet støttar prosjektet "Diktarvegen" med 700 000 kroner. Det tyder at litteraturprosjektet kan setjast i gang. 

Sist oppdatert fredag 11. september 2009 13:03
Les meir …
 
Hauge-senteret gler seg over midlar til forprosjekt PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
torsdag 09. juli 2009 14:04

Hauge-stiftinga har i vår søkt om midlar til eit forprosjekt som har som mål å leggja eit fagleg, godt gjennomarbeid grunnlag for Hauge-senteret. Til dette forprosjektet har ein no fått 40 000 kroner frå Sparebanken Hardanger, 75 000  kroner frå Norsk Kulturråd og 100 000 kroner frå Fritt Ord. No gler me oss til å ta fatt på arbeidet!

Sist oppdatert fredag 11. september 2009 11:09
Les meir …
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL