Dikting med Side Brok PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
tysdag 12. januar 2010 14:42

Ungdom frå Ulvik og Voss skal saman med Sjef R frå Side Brok laga rapkonsert med Olav H. Hauge som inspirasjonskjelde.

- Rap handlar om identitet og leik med ord. Som rappar tek ein utgangspunkt i sitt eige liv og kvar ein kjem i frå, og rappar om det -og det skjer nøyaktig like mykje i Ulvik som i New York, så det er nok å ta tak i, seier sjefen sjølv.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Vossa Jazz. Palmehelga vil ungdommar frå Ulvik og Voss samlast med Side Brok for å dikta og jamma. Resultatet vert ein konsert som skal framførast under Badna Jazzen søndag 28. mars.

-Alle som veks opp i Hardanger og på Voss kjenner til Olav H. Hauge, men for mange unge verkar poesi og dikting fjernt. Me ynskjer å syna at dikting er leik med ord, og at poesi kan vera alt frå norønn skaldedikting til rapping, seier Guro Ljone ved Hauge-senteret.


 

 

 

 

Side Brok vart etablert i 2001 og består i dag av Runar Gudnason alias Sjef R / Thorstein Hyl III, Bård Aasen Lødemel alias Skatebård og Oddgeir Kristensen alias Odd G. Sjef R er drivkraft, frontfigur og hovudrappar, Skatebård er backup-rappar og Odd G trakterer gitaren.

Side Brok leikar med sjangrar. Rap er base og hovudelement, men dei sjonglerer særleg med element frå jazz og reaggi, og dels frå rock, funk og soul. Side Brok har merka seg ut med å rappa om livet på Hovdebygda, på syngande dialekt.

Les meir på Vossa Jazz sine heimesider.

 

Sist oppdatert torsdag 18. mars 2010 10:54