|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL Denne biografien er skriven av Idar Stegane og tidlegare publisert på nettsidene til Hauge Tveitt 08.
HAUGE, Olav Håkonson, 1908–1994. Forfattar. Fødd 08.08. 1908, i Ulvik. Foreldre: Bonde Håkon Hauge (1877–1954) og Katrina Hakestad (1873–1975). Sambuar frå 1975 med Bodil Cappelen (1930–), gifte 1978.
Hauge gjekk på privat mellomskule i Ulvik 1925–1926. Seinare gjekk han på Hjeltnes hagebruksskule i Ulvik (1927 og 1933–34). Han gjekk fire år i gartnarlære; 1930 på Noregs Landbrukshøgskule på Ås og 1931–1933 på Statens forsøksgard på Hermannsverk.
Hauge las mykje alt som barn og unggut. Han brukte folkebiblioteket flittig og var god ven med bibliotekaren, Magnus Hakestad, heimvend etter 37 år i Amerika. Han både lånte ut til og snakka med unge Olav om bøker og tidsskrift. Hakestad tinga også skrifter på engelsk, og Hauge fekk straks bruk for den engelsken han lærde på mellomskulen, også fordi han fekk tilsendt amerikansk litteratur frå morbroren, Edmund Hakestad (1885–1937), som budde i USA i mange år, skaffa seg utdaning (college) der og interesserte seg mykje for litteratur, men elles livnærte seg som tømmerhoggar. Endefram kunnskap om eit liv utanfor heimbygda fekk han òg gjennom anleggsfolk, mellom andre far sin, som hadde vore arbeidsformann på Bergensbana før han gifte seg og vart gardbrukar i Ulvik.
Då foreldra overlét garden til Pål, eldste sonen, tok dei unna stykket Rossvoll og bygde seg kårhus der; Hauge budde saman med dei og overtok kårbruket og huset etter dei. Levebrødet hans var i mange år fruktdyrking på bruket kombinert med gartnararbeid i hagar kringom i bygda, m.a. ein god del i prestegarden, der han også samtala med presten og lånte bøker.
På mellomskulen hadde Hauge lært tysk. På eiga hand lærde han seg fransk, og dei tre framandspråka utvikla han kunnskap i gjennom lesing og etterkvart omsetjing av dikt, først frå engelsk, seinare også tysk og fransk. Bjørkum 1998 gjer greie for ein visst intellektuell kontakt, både med eldre menneske i bygda og i ein kameratflokk knytt til Hjeltnes hagebruksskule. Hauge heldt oppe kontakt med fleire av desse; ein viktig kamerat så lenge han levde vart seinare professor i dendrologi på Noregs Landbrukshøgskule på Ås, Oddvin Reisæter.
|