Heradsstyret sluttar seg til planane for Hauge-senteret PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
onsdag 26. mai 2010 15:19

Ulvik heradsstyre hadde utkast til forprosjektsrapport for Hauge-senteret opp til handsaming på heradsstyremøte i dag. Heradsstyret slutta seg samrøystes til planane for Hauge-senteret.

 

Olav H. Hauge-stiftinga har i ei tid arbeidd med eit forprosjekt som skal legga grunnlaget for det planlagde Hauge-senteret i Ulvik. Utkast til forprosjektsrapport har vore ute på høyring hjå mange instansar, og Ulvik heradsstyre var invitert til å koma med ei høyringsfråsegn, før rapporten vert ferdigstilt. I vurderinga i sakspapira står det mellom anna:

- Utkast til rapport er eit gjennomtenkt og gjennomarbeidd dokument. Rapporten er godt oppdatert på kva som skjer innan dette fagfeltet. Det er eit ambisiøst prosjekt og det er lov å ha ambisjonar i høve formidlinga av Hauge sin forfattarskap.

Venstre peika på at ein hadde blitt invitert til å koma med ei høyringsfråsegn, og hadde forslag til utdjupande innspel til rapporten. I innspela peika dei på at det er positivt at prosjektet er ambisiøst, men at det kan verta naudsynt å prioritera. Dei trakk fram at rapporten vil styrka seg på å vera meir spesifik på kva som er Hauge-senteret si kjerneverksemd, og at ein gjerne kan vera meir konkret når det gjeld tiltak og innhald. Dei kommenterte også at at ein kan lyfta meir fram dei positive ringverknadane Hauge-senteret vil ha lokalt, i form av arbeidsplassar og som aktivum for næringsverksemd.

Rådmannen sitt framlegg om å slutta seg til planane for Hauge-senteret og å arbeida aktivt for at senteret vert opna i 2012, vart samrøystes vedteke med Venstre sine tilføyingar. I vedtaket kjem det også fram at eit eventuelt tilskot til drift og investering vil verta handsama i samband med økonomiplan for 2011-2014 og årsbudsjett.

- Det er veldig kjekt å få denne støtteerklæringa frå heradsstyret. Innspela vil verte tekne med vidare i arbeidet med å ferdigstilla den endelege rapporten, seier Guro Ljone, prosjektleiar for Hauge-senteret.

Fakta:

- Hauge-senteret skal etablerast i det gamle Heradshuset i Ulvik.
- Planlagt opning er i 2012.
- Med utgangspunkt i Olav H. Hauge sin forfattarskap skal Hauge-senteret ut frå eit internasjonalt perspektiv lyfta fram poesien som kunstnarleg uttrykk, og vera eit senter for formidling av poesi i vid forstand.
- Hauge-senteret vil kombinera museumsfagleg arbeid med skapande verksemd. Det skal vera ein arena for nyskaping innan poesi, kunst og kultur.
- I senteret skal det mellom anna vera utstillingar, bibliotek, filmframsyning, og stadar der forfattarar, studentar og forskarar kan arbeida.
- Formidling retta mot born og unge er ei viktig oppgåve for senteret.
- Det vert arbeida for å etablera gjestebustadar i tilknyting til senteret, som kan nyttast av forfattarar, forskarar, omsetjarar og kunstnarar.

Sist oppdatert onsdag 26. mai 2010 16:46