Hiphop frå Hovdebygda møter Ulvik og Voss PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
torsdag 18. mars 2010 10:34

Gjer deg klar for urban bygderap når ungdom frå Brakanes og Bjørgum Skule skal rappa saman med Side Brok, 28.mars på Vossa Jazz.

- Rap handlar om identitet og leik med ord. Som rappar tek ein utgangspunkt i sitt eige liv og kvar ein kjem i frå, og rappar om det -og det skjer nøyaktig like mykje i Ulvik som i New York, så det er nok å ta tak i, seier Runar Gudnason, alias Sjef R, i Side Brok.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Vossa Jazz. I januar besøkte Runar Gudnason elevane på Brakanes Skule i Ulvik, og Bjørgum Skule på Voss. Etter eit kræsjkurs i hiphopkultur har elevane jobba med å skriva raptekstar sjølve. Ein flittig e-postkorrespondanse har gått mellom elevane i Ulvik og Voss, og til Runar i København.

Palmehelga vert ei intens øvingshelg, og sundag 28.mars klokka 13.00, brakar det laus med konsert i Vossasalen på Park Hotel.

 


 

 

 

 

Side Brok vart etablert i 2001 og består i dag av Runar Gudnason alias Sjef R / Thorstein Hyl III, Bård Aasen Lødemel alias Skatebård og Oddgeir Kristensen alias Odd G. Sjef R er drivkraft, frontfigur og hovudrappar, Skatebård er backup-rappar og Odd G trakterer gitaren.

Side Brok leikar med sjangrar. Rap er base og hovudelement, men dei sjonglerer særleg med element frå jazz og reaggi, og dels frå rock, funk og soul. Side Brok har merka seg ut med å rappa om livet på Hovdebygda, på syngande dialekt.

Runar Gudnason alias Sjef R/Thorstein Hyl III  - vokal
Oddgeir Kristensen - gitar
Knut Søvik - tangentar
Pål Olav Loftesnes - tangentar
Per Mathisen - bass
Tore Brevik - trommer
Elevar frå Bjørgum skule på Voss og Brakanes skule i Ulvik

Les meir på Vossa Jazz sine heimesider.

Prosjektet har motteke stønad frå Norsk Kultrråd, Institusjonen Fritt Ord og Ulvik Herad.

Sist oppdatert torsdag 18. mars 2010 10:53