"Den andre mannen" på kunstfilmfestival i Montreal, Canada PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
tysdag 16. mars 2010 16:57

Vigdis Nielsen sitt portrett av Olav H. Hauge er teken ut til konkurransen på festivalen "Festival International du Film sur l'Art.

 

 

Filmskaparen reiser til Canada i morgon for å vera med på festivalen som går frå 18.-28. mars i Montreal i Canada. Filmen har møtt interesse internasjonalt, og har tidlegare vore vist på St. Paul Film Festival i Minneapolis, New York International Film and Video Festival, og Norsk Filmmønstring på Cuba. Filmen er omsett til engelsk, spansk og koreansk.

- Eg har fått mykje positiv respons frå festivalane, og det er folk som har teke kontakt med meg, blant anna gjennom facebook, men me har diverre ikkje klart å skaffa distribusjon utover Noreg, seier Vigdis Nielsen.

Ho håpar at turen til Canada kan vera til hjelp for å få til internasjonal distribusjon av filmen.

 

Sist oppdatert tysdag 16. mars 2010 17:24