Mange idear for Hauge-senteret PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
måndag 16. november 2009 12:17

I oktober har ein diskutert kva Hauge-senteret bør verte på tre idédugnadar, i Oslo, Bergen og Ulvik.

Over 60 personar har vore involvert i prosessen, og personar med ulik bakgrunn og frå ulike miljø har vore representert.

Den fyrste samlinga var i Oslo 6.oktober, så gjekk turen til Bergen den 15. oktober, før det vart avslutta med idédugnad i Ulvik 29.oktober. Føremålet med samlingane har vore å få drøfta kva Hauge-senteret bør verte.

Eit av spørsmåla styret i Olav H. Hauge-stiftinga ynskte å få svar på er om det er ein god idé med eit internasjonalt lyrikksenter.

 

 

 

 

 

 

 

 

- Eg meiner me langt på veg har fått svar på at dette er ein god idé. Det fins ikkje noko liknande i Noreg, eller i Norden, seier Guro Ljone prosjektleiar for Hauge-senteret. 

På idédugnandane har det vorte vektlagt at Hauge-senteret må vera eit levande og aktivt senter. Gjennom sin status som ein av vår tids absolutt største lyrikarar, og i kraft av den internasjonale posisjonen han hadde, er det naturleg å nytta Olav H. Hauge som utgangspunkt for å lyfta fram lyrikken, og setja fokus på den internasjonale lyrikken.

No arbeider ein vidare med ideane i ein forprosjektrapport som skal vera ferdig til 1.mars, då det er søknadsfrist inn til Kyrkje- og Kulturdepartementet.  

Sist oppdatert måndag 16. november 2009 12:44