Aktivitetar PDF Skriv ut E-post

Ved å tilby aktivitetar knytt til kunst og kultur vil Hauge-senteret verta ein møteplass for lokalsamfunnet og for regionen. Pedagogiske opplegg på senteret og på nettsidene skal spreie kunnskap om og vekkja interessa for litteratur generelt og Hauge si dikting spesielt.

Hauge-senteret vert lokalisert i heradshuset i Ulvik. Her er også Ulvik Turistkontor, og i kjellaren er Den Grøne Kafé. I huset skal det mellom anna etablerast bibliotek, studieplassar og tilretteleggjast for utstillingar. 

Huset har vore under oppussing, og no startar siste etappe av dette arbeidet. Oppussingsarbeidet vert sluttført i løpet av juni 2010.

Hauge-senteret er i ein søknadsprosess for å koma på statsbudsjettet, alt av innahald er difor ikkje på plass. Me ynskjer likevel å ta i bruk huset når det står klart, og skal tilby aktuelle kulturarrangement i lokala. Fylg med på heimesidene våre.

Offisiell opning er tenkt til Ulvik Poesifestival 2012.

Ta kontakt for meir informasjon.

E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Telefon: 957 73 717
Post:
Hauge-senteret, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik.

 



Sist oppdatert torsdag 18. mars 2010 16:08