Til lukke med 150-årsdagen

Det Samlaget har gjort frå 1868, skapte varige endringar i norsk kulturliv, bokbransje og den språklege kvardagen og har gitt lesarar over heile verda litteratur dei ikkje ville vore utan.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum blei skipa i det året Samlaget runda 125 år. Der spela Samlaget ei nøkkelrolle; dei første møta om ideen Ivar Aasen-tunet blei haldne på avdelingskontoret i Volda. Sidan har vi grubla, regissert og samarbeidd.

Nynorsk kultursentrum helsar styre, tilsette og medarbeidarar i Det Norske Samlaget med eit nytt avsnitt i den nynorske litteraturhistoria. Det er ein direkte konsekvens av jubileet. I januar heldt underskrivne eit foredrag om Samlaget tidlege år og stakk som snarast innom 1955. Det vesle som då låg føre av kunnskap om saka, er no forma til denne gåva til jubilanten. Ein kortversjon er prenta i Dag og Tid i dag.

Takk for alt de enno ikkje har gjort!

Med venleg helsing
Nynorsk kultursentrum

Barnetimetanta i eventyrbyen