Ledig stilling som redaktør i Allkunne

Her er sjansen for ein kunnskapsformidlar med ambisjonar og godt språk. Allkunne har vakse mykje i innhald og bruk dei siste åra og har høge ambisjonar for åra framover. Frå 1. november er stillinga som redaktør ledig for den som vil utvikle Allkunne vidare som eit tverrfagleg, påliteleg og redaksjonelt sjølvstendig oppslagsverk på nynorsk. Mest av alt er Allkunne eit tiltak for å styrkje bruken av nynorsk i den digitale kvardagen.

Dette inneber lagspel med tilsette, redaksjon oppnemnd av styret, forfattarar, fagkonsulentar, omsetjarar og språkrettar. Redaktøren styrer drifta innanfor vedtekne budsjett og får gleda av å arbeide med finansiering for utvida drift.

Publisistisk erfaring frå presse, kringkasting eller forlag, gjerne på leiarnivå, er ønskjeleg, og eit allment, journalistisk blikk for det som rører seg og det som brukarane treng. Som dagleg leiar har redaktøren det daglege redaktørmyndet i samsvar med redaksjonelle retningslinjer som sikrar sjølvstendet.

Tekstar frå svært ulike fagfelt skal vurderast og redigerast. Stillinga føreset difor solid og vid allmennkunnskap, og du bør ha mastergrad eller tilsvarande. Arbeidet inneber å ta mange og raske avgjerder, vere synleg og utoverretta, meistre budsjett og rekneskap og like å administrere. Stillinga inviterer til sans for godt språk og stø språkføring på nynorsk og føreset eit målretta engasjement til beste for nynorskbrukarane.

Redaktøren rapporterer til direktøren og er som medlem i leiargruppa med og pregar utviklinga i Nynorsk kultursentrum.

Allkunne held til i Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur og engasjerte kollegaer, mange innarbeidde rutinar, medlemskap i Statens pensjonskasse, afp-ordning, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Stillinga er ledig frå 1. november. Fleire opplysningar får du hos direktør Ottar Grepstad, tlf. 70 04 75 75 eller 906 16 727.

Grip sjansen: Fortel kva du vil utrette i stillinga, send søknad med cv og relevante vedlegg seinast måndag 6. august til admin@aasentunet.no.