Bloggen: Poesi til poden
Foto: Pinterest.com

Bloggen: Poesi til poden

– Poesien har dette heilt eige vesle rommet ein kan gå inn i, der svaret ikkje kjem på siste sida i boka, men heller ligg der som eit spørsmål. Som ei undring. Det gjev rom til å tenkje neste og siste linje sjølv, skriv salssekretær ved Olav H. Hauge-senteret Jorid Lekve Eide i bloggen denne veka.

«Frå 10 til 15 år er borni berre spelande, blank fantasi. Det er då du skal vekkja dei. For dikting, historie og kunst.»

Dette skriv Olav H. Hauge i dagboka si 14. desember 1961. Eg skriv gjerne det same i dag, men eg dristar meg til å meine at vi kan tjuvstarte litt. Sånn når det kjem til alderen då. Nett der har eg kanskje litt meir erfaring å skilte med enn han Olav.

Poden heime på fem les lyrikk som vekkjer noko i ho. Ho les om Store ting ført i pennen av lyrikar Hanne Bramness, ein forfattar som skriv praktfull poesi for barn og vaksne. Eg ser at tankane er på reis, blikket er skjerpa, og at det snart kjem eit spørsmål eller to.

 

Store ting

 

Får du plass

til sola i ei skei

 

kan blåbæret

dekkje månen

 

Nett som biletkunsten har poesien denne strålande eigenskapen til å setje fri fantasien i eit menneske. Til å skapa rom for undring og ettertanke. Til å bryte grenser og sprengje rammene. Sprengje dei konvensjonelle rammene for korleis vi ser på verda.

Biletkunsten og poesien har dette heilt eige vesle rommet ein kan gå inn i, der svaret ikkje kjem på siste sida i boka, men heller ligg der som eit spørsmål. Som ei undring. Det gjev rom til å tenkje neste og siste linje sjølv.

Poesien kan også vere ein stad der barn kan kjenne seg att i eigne kjensler. Ein stad der det er lov å kjenne på kva som bur i ein. Kjenne på lette og tunge kjensler. Som i diktet Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven

 

Eg er

så sint, så sint

som ei eldkule

gjennom lufta

 

«Oj!» var fyrste respons frå lesaren på fem. «Då er det best å passa seg.»

Omfanget av lyrikk for barn har heldigvis betra seg dei siste åra. I mange år var der eit tomrom frå dei gamle klassikarane og til ny samtidsaktuell lyrikk for born. Brageprisnominasjonen til Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven har vore med på å lyfte lyrikkfeltet for småfolket til nye høgder, og det er ikkje sjølvsagt.

Lyrikk for born er ikkje dei bøkene det er mest rift om på biblioteket, og det er kanskje ikkje dei bøkene vi les flest av på sengekanten heller. Det er jo ofte lettare å dra fram Jakob og Neikob eller Vaffelhjarte. Som jo er strålande bøker og får seks på terningen hjå meg.

Likevel er det noko anna som skjer i både små og store sinn, trur eg, når vi går inn i poesiens palass.