Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus

Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus er eit program for ungdomskule og vidaregåande trinn der lyrikk blir utforska gjennom musikalsk ordtevling, kalla rapbattling.

Utøvararne Per Hoff Mydske og Andre Jarnvig Jensen byrjar med å fortelje elevane om skalden i Ulvik, Olav H. Hauge, og hans tvil på seg sjølv og på eiga dikting. Vidare går ferda til andre diktarar som òg har bala med tvil, men som likeins med Hauge har kome ut på den andre sida med eit sterkt og sjølvstendig uttrykk.

Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus munnar ut i ei frisk ordtevling mellom rapparane Per og Andre, ein såkalla rapbattle. I ein rapbattle er det eigne reglar som gjeld, ja, ein kan samanlikne det litt som å gå inn i ein boksering. I ringen stiller dei to seg lageleg til for hogg, og må tole mange verbale slag. Men dei får òg sjansen til å slå ifrå seg, og å hevde seg sjølve.

Ein Nordmann likar ikkje å vere våpenlaus dukkar inn i mangfaldet av kva lyrikk kan vere, og gjer han tilgjengeleg for målgruppa. Framsyninga viser elevane at kvar og ein kan finne noko frå sitt eige liv å skrive om, viss ein vågar å vere seg sjølv og skrive om det som står ein nærast.

Elevane får sjå korleis ein i rap og dikt kan blande fri improvisasjon med førebudd materiale, og korleis ein kan nytte rim, rytme og timing for å bygge opp ein tekst.

Ved å presentere lyrikk røffare og nærare røynda enn det elevane kanskje er vane med, vil framsyninga bidra til å fjerne eventuelle fordommar mot sjangeren. Vi ønsker å få dei til å tenke nytt om kva poesi og lyrikk kan vere, og gi dei lyst til å skrive sjølve.

Tilbakemeldingar frå skular som har hatt besøk av Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus fortel om elevar som kastar seg over penn og papir for å skrive tekstar som dei seinare battlar over i skulegarden.