Tord Gustavsen lagar musikk til Vinjes «Ferdaminne»
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen, Fotograf Mittet

Tord Gustavsen lagar musikk til Vinjes «Ferdaminne»

Pianisten og komponisten Tord Gustavsen skal lage ny musikk til tekstar frå «Ferdaminne» av Aasmund Olavsson Vinje. Verket blir urframført i salen i Ivar Aasen-tunet laurdag 9. juni under Dei nynorske festspela.

Det er ei stor og viktig kunstnarleg oppgåve Tord Gustavsen har teke på seg når han skal tolke og skape ny musikk av Vinjes «Ferdaminne». Han får hjelp frå skodespelar Cecilie Jørstad, og faste makkerar Tore Brunborg på saksofon og Jarle Vespestad på trommer.

– Her har vi fått noko vi verkeleg kan ta tak i på vår eigen måte. Vi skal hovudsakleg gå i dialog med kapittelet «Huldra» i «Ferdaminne». Det er nydeleg fortalt. Poetisk – med både sårheit og humor, der dei store naturopplevingane blir løfta til møte mellom draumar og røynd. Eit verk som inviterer meg til å opne augneblinkar i tekstane for publikum, seier Gustavsen.

– Både som komponist og utøvar er Tord Gustavsen ein av dei fremste på den europeiske jazzscena. Han har sans for både landskapsskildringar og poesi, og har kapasitet til å tilføre nye perspektiv til Vinje sine tekstar, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik.

– Det er veldig stas å få vere med og markere 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje med eit slikt verk. Her er det ikkje berre poesien som blir løfta fram, men også sakprosaen, ein sjanger der Vinje var ein av dei store meistrane, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Tingingsverket blir også framført under Litteraturdagane i Vinje 24.¬–26. august, og under Ulvik poesifestival 7.- 9. september.

«Ferdaminni frå Sumaren 1860» var det første store verket på nynorsk, utgitt av Aasmund Olavsson Vinje i to hefte i avisa Dølen i februar og juli 1861. Dølen var høveleg nok også den første nynorske avisa. Det mest kjende frå Ferdaminne er nok det folkekjære diktet «No ser eg atter slike Fjell og Dalar». Dette diktet vil vi også møte igjen i Tord Gustavsen sitt tingingsverk, som blir støtta av Norsk kulturråd.

Dei nynorske festspela blir i år arrangert frå 7. til 10. juni, i Ivar Aasen-tunet og på andre arenaer i Ørsta og Volda. Forfattaren Marit Eikemo er festpeldiktar og vil setje sitt spesielle preg på programmet festspeldagane.