Besøk oss

Opningstider og prisar

Opningstider

20. juni – 31. august

Tysdag–fredag kl. 10–15

Fast omvising tysdag-fredag kl. 13.00 frå 23. juni-7. august (maks. 4 personar, førehandstinging og/eller først til mølla)

Laurdag og søndag kl. 11–16

Prisar

Vaksne 100 kr
Barn Fri
Rabbattert pris (Mållaget, Venelaget Hauge, Medlemslaget Vinje, tilsette/ medlemer i stiftarinstitusjonane) 70 kr
Student Fri
Sommarpass 50

Fast omvising kl 13.00 tysdag-fredag er inkludert i billettprisen. 

Det er råd å tinge omvising utanom oppsett tid. Pris 150 kr per person. Utanom opningstid kjem det eit tillegg på 1000 kr.


Skular og barnehagar med formidlingsopplegg frå 2020
Fri inngang 

Lærarar/assistentar/barnehagepersonale i følgje med klasse/barnegruppe går gratis.

For meir informasjon og bestilling kontakt oss på telefon: 56 52 70 70

Her finn du oss

Ulvik ligg innerst i Hardangerfjorden i Hordaland Fylke. Frå Bergen er avstanden ca. 140 km. Frå Oslo ca 350 km.

Tog & Buss

Nsb har daglege avgangar frå Oslo til Voss. Det same gjeld tog frå Bergen til Voss.

Lokalbuss frå Voss til Ulvik. Ein times reisetid.

 

Fly

Rutefly fleire gonger dagleg til Flesland flyplass i Bergen.

Herifrå er det drygt to timars reisetid med tog og buss til Ulvik.

 

Tilgjenge

  • Parkeringsplassen ligg rett ved Hauge-senteret. Det er 50 meter å gå frå parkeringa til senteret. Funksjonshemma kan parkere på anviste parkeringsplassar utanfor Hauge-senteret.
  • Alle etasjar er tilgjengelege med heis.
  • Det er lagt til rette med ramper for rullestolbrukarar der det er behov, i utstillinga er det heller ingen golvlister til hinder.
  • Toalett og handikap-toalett ligg i 2. etasje
  • For fribillett for følgjekort for funksjonshemma kontakt oss på post@haugesenteret.no

Ta kontakt på telefon 56 52 70 70 ved spørsmål.

Omvising

Ei omvising i basisutstillinga i Hauge-senteret gjer at publikum får meir ut av eit besøk. Ei vanleg omvising varer kring 30 minutt, men det er sjølvsagt problemfritt å få kortare eller lengre omvisingar, dersom det er ønskjeleg.

23. juni– 7. august

Fast omvising tysdag-fredag kl. 13.00 frå 23. juni-7. august (maks. 4 personar, førehandstinging og/eller først til mølla)

Grupper kan gjerne ta kontakt på førehand på telefon 56 52 70 70.

Butikken

I museumsbutikken finn du alt frå lyrikkbøker og nynorske barnebøker til Hauge-turkopp, magnetpoesi, handlenett og lokale handverksprodukt. Mange av artiklane i butikken er utvikla av Hauge-senteret sjølv, noko som gir eit særeige og unikt utval. Artiklane i museumsbutikken er også tilgjengeleg på handlenett.no – sjå peikar under.

Butikken følgjer museet sine opningstider, i tillegg held den ope i samband med alle arrangement i senteret. 

Ein treng ikkje løyse billett til museet for å besøke butikken. 

Rossvoll

Fruktgard og heim etter Olav H. Hauge. Eigaren av Rossvoll tek imot besøk av grupper etter avtale. Her kjem du til garden der lyrikar og gartnar Olav H. Hauge vaks opp og budde heile livet. 

Omvisinga tek omlag 1 time. Pris 100 kr per person.

Kontaktinfo: Stein Olav Hauge Kolås 95 70 08 49

www.gartnar.no 

Foto: Agurtxane Concellon / Olav H. Hauge-senteret

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk