Verdas poesidag
Foto: Therese C. Wangberg

Verdas poesidag med Stein Torleif Bjella

Når:
Kvar:
Syse gard
Vaksen
250
Kjøp billettar

Med album som Heidersmenn, Heim for å døy og Gode liv er Stein Torleif Bjella kjend som ein av våre fremste musikarar. No har songaren og låtskrivaren debutert som poet. Diktsamlinga Jordsjukantologien kom hausten 2017 og kretsar om dei to store tragediane i livet: «tap av kjæraste og jordskifte». Bjella les dikt, samtalar om poesi og fortel om sitt forhold til Olav H. Hauges dikting. Poeten frå Ål tek òg med seg gitaren.