Program

Ulvik poesifestival

Når:
-
Kjøp billettar

Med temaet Ordskifte gjer vi Ulvik poesifestival til ei litterær scene som vågar å engasjere og utfordre. Festivalpoetane Cecilie Løveid, Øyvind Berg, Knut Ødegård og danske Asta Olivia Nordenhof tek på ulikt vis opp aktuelle tema i diktinga si. Festivalen for lyrikk i mange former byd også på musikalske høgdepunkt: Ole Paus, Herborg Kråkevik, 9 grader nord, Tom Roger Aadland – alle kjem dei til Ulvik i september. Sjå poesifestivalen.no for meir informasjon