Felefylje

Spelemannen

Når:
VaksenBarn
250150
Kjøp billettar

18. august feirar vi at det er 109 år sidan Olav H. Hauge blei fødd. Og feiringa blir musikalsk! Folkemusikktrioen Felefylgje er sett saman av unge og lovande frå Ulvik og Ullensvang: Eirin Tjoflot, Marta Lindvik og Amalie Kinsarvik Tvilde framfører tradisjonsmusikk frå Hardanger, og ikkje minst rykande ferske melodiar til Hauge-dikt. Vi får høyre toradar og hardingfele, det blir kveding og dans. Arrangementet er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Hardingfela.no