Migrasong
Foto: Mikolaj Mikolajczyk

Migrasong

Når:
Kvar:
Elvatun
VaksenFamilie
200350
Kjøp billettar

På 1800-talet emigrerte mange nordmenn til Amerika. Det gjorde også songane deira. Saman med musikarkollegaer gir Reidun Horvei innblikk i eit viktig kapittel i norsk-amerikansk historie. Songane på Elvatun denne kvelden dirrar av heimlengt, men dei ber også i seg fantasiar om det nye tilværet. Ikkje minst speglar songane dei norske emigrantane sine møte med nye kulturar, og slik kastar framsyninga også lys over situasjonen for mange flyktningar i dag. I samarbeid med Ulvik herad