Tid for ti!

Lansering av leseaksjonen Tid for ti

Når:
Kvar:
Olav H. Hauge-senteret

Foreningen !les er ein av Noregs fremste formidlarar av litteratur. Dei står bak fleire årlege leseaksjonar – som skal få barn, ungdom og vaksne til å lese meir. Aksjonen Tid for ti 2018 er skreddarsydd for sjuande klasse, og har som mål å auke det språklege sjølvbiletet til elevane, og etablere betre haldningar til nynorsk. Hjartet i Tid for ti er ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker tilpassa målgruppa. Til kvart tekstutdrag finn ein spennande og kreative lese- og skriveoppgåver. Prosjektleiar for aksjonen, Ole Ivar Burås Storø, kjem til lanseringa på Hauge-senteret 19. januar saman med forfattar Tor Arve Røssland. Burås Storø fortel om aksjonen og Røssland les frå den prislønte grøssaren Glimt. I salen sit sjette- og sjuandeklassingar frå Eidfjord, Granvin og Ulvik.