Endre Olsen
Foto: Marius Knutsen

Endre Olsen med band

Når:
Kvar:
Lekve gard
VaksenStudent
250200
Kjøp billettar

Då Endre Olsen i vår gav ut første albumet sitt på norsk, «Bøttevis med blått», vart det omtala som ein komande klassikar. Med terningkast fem og seks vert han samanlikna med visesongarar som Tønes og Stein Torleif Bjella. Endre Olsen har sitt eige og energiske lydbilete. Han hentar inspirasjon frå begge sider av Atlanteren: amerikansk køntrinerve i uslåeleg kombinasjon med britisk popteft. Akkompagnert av kjende musikarar frå Bergens musikkscene leverer han velkomponerte tekstlinjer på syngjande storddialekt. Nei, dette vil du ikkje gå glipp av! I samarbeid med Frukt- og siderruta.