Kva skjer på Hauge-senteret

  • Elin Furubotn

    Konsert med Elin Furubotn

    Elin Furubotn er ein kritikarrost artist og låtskrivar kjent for å skildre kvardagen på ein underfundig måte. No er ho aktuell med plata «Ikkje gå deg vill», som er inspirert av det vakre landskapet i Sirdal. Med iaugefallande melodiar og ei særeiga stemme, serverer ho både humor og alvor til lyttarane sine. Furubotn er ein meister i å formidle, og med seg til Ulvik har ho ingen ringare enn Vamp-veteran Torbjørn Økland. Saman er dette ein sterk og sprudlande duo, med eit stort nærvær på scena – det er berre å gle seg!

    Drøs, Kjøp billettar
  • Luther : Europa i endring

    Luther: Europa i endring

    På dagen 500 år etter at Martin Luther skal ha slått opp tesane som sette i gang reformasjonen, kjem historikar Sigrun Høgetveit Berg for å snakke om si nye bok Reformasjonen. Ho fortel om korleis kongen tok makt, og kvifor endringane var meir uførebudde og blei større i Noreg enn mange andre stadar. Etter foredraget held redaktør i nettleksikonet Allkunne, Per Magnus Finnanger Sandsmark, quiz om historie, musikk, litteratur og geografi i Europa frå 1517 til i dag.

    Drøs, Kjøp billettar
  • Poesinatt

    Poesinatt

    Hauge-senteret inviterer til ei natt i poesiens teikn! Og dessutan: Til poesi i nattas teikn! Poeten Endre Ruset gir ut ny diktsamling i haust, og kjem til Ulvik saman med musikar Stian Omenås og kunstnar Karin Nogva. Dette blir ei heilt særeiga oppleving gjennom tonar, bilde og lyriske ord! I løpet av poesinatta får vi også besøk av unge, framifrå poetar som Linda Klakken og Paal Maage Elstad. Slow Food Hardanger byr på lokal mat og drykk, og det blir open mikrofon inn i dei små timane.

    Elvatun, Kjøp billettar
  • Aasmund Nordstoga

    Sæle jolekveld

    Vi ynskjer velkomen til ein lun og nær førjulskveld med Aasmund Nordstoga i Ulvik kyrkje. Nordstoga byr på kjende og ukjende julesongar, framført med ein drivande nerve, djupt forankra i folkemusikken sitt tonespel. O sæle jolekveld!

    Ulvik kyrkje, Kjøp billettar
  • Jol

    Juleverkstad

    Tradisjon tru inviterer vi til juleverkstad i poesiverkstaden, der gjestane kan få lage poetiske julekort og brette eigen julepynt til treet der heime. Den grøne kafe dekker til langbord og serverer julegraut – sjølvsagt med mandel i.

    Hauge-senteret, Kjøp billettar