Velkomen til Hauge-senteret

Kjem T’ao Ch’ien
på vitjing ein dag, vil eg
syna han kissebertrei og aplane mine


I Olav H. Hauge si dikting har lokale motiv klangbotn i eit større univers. Interessa for Hauge si dikting ute i verda er stor. Eit overordna mål med Haugesenteret er å knyta saman det lokale og det internasjonale – Hauge til verda og verda til Ulvik!

Haugesenteret skal vera ein stad for fordjuping i og formidling av Hauge si dikting. Vidare skal det vera ein arena for nyskaping innan lyrikk, kunst og kultur. Haugesenteret skal vera ein nasjonal og internasjonal møteplass med forankring i lokal og regional kunst og kultur.
Nynorsk kultursentrum skal etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
tysdag 31. august 2010 08:18

Nynorsk kultursentrum i Ørsta på Sunnmøre tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing.

 

Sist oppdatert tysdag 31. august 2010 08:56
Les meir …
 
Bilete frå rapkonsert på Vossa Jazz PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
tysdag 27. april 2010 13:01

Ungdommar frå Voss og Ulvik rappa saman med Side Brok for fullt hus under årets Vossa Jazz. Sjå bilete her.

Ei heil helg øvde elevane frå Bjørgum og Brakanes Skule saman med Side Brok. Ein full Vossasal på Park Hotell benka seg for å sjå resultatet, og ungdommane leverte!
Tingingsverket til Badnajazzen 2010 var eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Vossa Jazz.

Sist oppdatert tysdag 27. april 2010 13:08
 
Heradsstyret sluttar seg til planane for Hauge-senteret PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
onsdag 26. mai 2010 15:19

Ulvik heradsstyre hadde utkast til forprosjektsrapport for Hauge-senteret opp til handsaming på heradsstyremøte i dag. Heradsstyret slutta seg samrøystes til planane for Hauge-senteret.

 

Sist oppdatert onsdag 26. mai 2010 16:46
Les meir …
 
Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum drøftar samanslåing PDF Skriv ut E-post
Skrive av Haugesenteret   
måndag 12. april 2010 09:49

Olav H. Hauge-stiftinga i Ulvik og Nynorsk kultursentrum i Ørsta drøftar samanslåing. Like før påske vedtok styra i begge stiftingane ein omfattande intensjonsavtale.

 

Sist oppdatert måndag 12. april 2010 12:22
Les meir …
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL