Kva skjer på Hauge-senteret

  • Programslepp

    Ulvik poesifestival

    Ulvik er ei flott festivalbygd og er fylt med 24 poetar og over 30 arrangement denne septemberhelga. Her kan du oppleve Tønes sine underfundige songtekstar og Ane Dahl Torp med Haugtussa. I kyrkja syng Solveig Slettahjell salmeskattar. Lars Saabye Christensen markerer 40 år som poet med samtale og konsert. På tre ulike frukt- og sidergardar i Ulvik kan du møta fleire forfattarar, bl.a. Inger Elisabeth Hansen, Odveig Klyve og Athena Farrokhzad. Dette og mykje meir kan du oppleva på Ulvik poesifestival. Velkomen!

    - Kjøp billettar
  • tom-roger aadland foto edgar bachel presse.jpg

    Konsert: Bob Dylan på nynorsk

    «Eg må ha deg,» syng Tom Roger Aadland. Han har gjendikta «I Want You» og heile resten av Bob Dylan-plata Blonde on Blonde til nynorsk. Kjende Bob Dylan-låtar får nytt liv med nynorske tekstar. Vi lovar god musikk og god stemning på Drøs.

    Drøs bakeri og kafé, Kjøp billettar