Kva skjer på Hauge-senteret

  • Benedicte Maurseth og Ruth Lillegraven

    Konsert/ boklansering: Sigd

    Det er ikkje kvar dag det kjem nye dikt med motiv frå Hardanger, men denne dagen lanserer Ruth Lillegraven frå Granvin boka Sigd. Der følgjer ho odelsguten Endre som må selja garden, og kven er han eigentleg då? Felespelar Benedicte Maurseth frå Eidfjord speler og syng til dikta. Etter framsyninga vert det ei kort samtale om den nye boka. Arrangementet er i samarbeid med Den kulturelle spaserstokken i Ulvik herad. Det er gratis inngang for pensjonistar.

    Elvatun ungdomshus, Kjøp billettar
  • Måke i horisont JPEG

    Litteraturkveld: Lengten i lyrikken

    På dagen 108 år etter at Olav H. Hauge vart fødd er du velkomen til lyrikkveld på Voss. Her blir diktpamfletten "Lengt. 15 nye dikt i dialog med diktinga til Olav H. Hauge" lansert. Fleire av forfattarane som kjem til Ulvik poesifestival, blant dei Ruth Lillegraven, Lars Saabye Christensen, Hildegunn Dale og Sindre Ekrheim, har skrive nye dikt, som vert presentert denne dagen. Arrangementet er i samarbeid med Voss bibliotek.

    Voss kulturhus,