Kva skjer på Hauge-senteret

  • Hauge og Bodil Cappelen.

    Boklansering og siste framsyning med Hamre/Lægreid/Cappelen

    Olav H. Hauge er stadig aktuell. No lanserast boka «Luminous Spaces» med utdrag av dagbok og dikt i USA. Forleggjar Dennis Maloney og forfattar Olav Grinde har lagt lanseringa til Ulvik og vil samtale med Bodil Cappelen om arbeidet med boka. Det blir også framføring av utvalde gjendiktingar. Denne kvelden vil òg framsyninga «Spør vinden» med Bodil Cappelen og folkemusikarane Knut Hamre og Ranveig Lægreid verta spelt i Ulvik for fyrste gong. Dette er siste gongen dei spelar denne framsyninga, så no har du sjansen til å få det med deg. På toppen av det heile kan me fortelja at det er fri inngang til arrangementet.

    Heradsstyresalen, Hauge-senteret,
  • Hanne Bramness II

    Diktartavla 2016: Hanne Bramness

    Laurdag 11. juni vert diktartavla 2016 utdelt til Hanne Bramness av Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum. Diktartavla er tidlegare gjeve til diktarar som Jon Fosse og Cecilie Løveid. Arrangementet er på folkemuseet på Utne og inneheld utdelingsseremoni, høgtlesing av forfattaren sjølv, og ein konsert. Årets diktartavle vert ein del av diktarstien som går mellom husa i museumstunet på Utne.

    Hardanger folkemuseum, Utne, Ullensvang,