Kva skjer på Hauge-senteret

  • 20150911_123948729_iOS.JPG

    Framtidsvy. Kva skal Ulvik vera?

    Kva er Ulvik, og kva skal me vera i framtida? Ulvik herad har vedtatt å bli ein Cittaslow-kommune, men kva skal det tyda i praksis? Må me forandra noko, og i så fall kva og korleis? Lyrikaren og landskapsarkitekten Margrete Aas les frå diktsamlinga Vy. Dikta hennar handlar om korleis menneska skapar stader der dei vil leva, arbeida og bu. Aas les og innleier til panelsamtale om kva Ulvik er, kan og bør vera. Arrangementet er i samarbeid med Ulvik herad.