Kva skjer på Hauge-senteret

  • solveigmette.jpg

    Forfattarmøte: Solveig Mette Tjeltveit

    Då Solveig Mette Tjeltveit gjekk på gartnarskulen på Hjeltnes, las ho Hauge på kveldane og stelte planter på dagtid. Kva har det gjort med skrivinga hennar? Er det derfor det er så mykje skog i dikta hennar? Solveig Mette Tjeltveit debuterte i 2015 med diktsamlinga Noo Gode Gnu på Samlaget. Ho er utdanna gartnar, men har òg psykologi og litteraturvitskap i fagkrinsen. Me møter forfattaren til samtale om gartnargjerninga og debutsamlinga hennar. Samtalepartnar: Solveig Schei Hellesnes Uppheim

    Drøs bakeri og kafé, Kjøp billettar
  • Morgonfrosken

    Karneval og forteljingar om dyr

    Fastelavnsøndag er karnevalssøndag: Kle deg ut som favorittdyret ditt og kom! Forfattaren Solveig Mette Tjeltveit fortel om det underlege dyret gnu. Me skal òg sjå etter andre dyr i utstillingane. Kvart halvår har me ein familiesøndag på senteret. Denne søndagen er Den grøne kafé open, og det vert skriveaktivitetar i poesi-verkstaden, teikneoppgåver i ABC-utstillinga og premie til beste kostyme.

    Olav H. Hauge-senteret, Kjøp billettar
  • abc-cover.jpg

    Siste dag med ABC av Hauge og Cappelen

    Denne søndagen er den siste dagen me stiller ut originalteikningane til ABC. Aktivitetar for born mellom 4 og 8 år. Omvising for vaksne om kunstnarsamarbeidet mellom Cappelen og Hauge.