Kva skjer på Hauge-senteret

  • l-obstfelder_illustrasjoner_paraplyene-til-obstfelder-andre-sider_1.png

    Juleverkstad og paraplyar

    Kvifor har Obstfelder så mange paraplyar? Grethe Bekkevold og Signe Irene Time har laga ei forunderleg og fartsfylt framsyning for born om diktaren med den store barten og dei morosame dikta. Etter framsyninga vert det juleverkstad. Me avsluttar med langbord og julegraut.

    Hauge-senteret, Kjøp billettar
  • Obstfelder Atelier Francais Nasjonalbiblioteket.jpg

    Temautstilling: Obstfelder, Jonsson og Hauge

    «For mange kann litteraturen, på same måten som draumen, verta eit refugium i livsens gråe kvardag,» skriv Olav H. Hauge etter at han har lese «Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder. Denne flukta finn ein òg igjen hos Tor Jonsson. I den nye utstillinga lar me Hauge fortelja om dei to store diktarane. Utstillinga er i samarbeid med Nasjonalbiblioteket, Tor Jonsson 100 år og Obstfelder 150 år.

    -