Kva skjer på Hauge-senteret

  • Olav H. Hauge ved Njøs forsøksgard i Sogn, 1932.

    Urpremiere: Den dagen - poesi til ny musikk

    Me opnar konsertåret med vakre toner til lyrikk frå Hardanger og Voss. Det er urpremierehelg siste helga i januar, med konsertar på Dale og Voss på laurdagen, og i Granvin og Ulvik på sundagen. Du får høyra tekstar av Olav H. Hauge, Ruth Lillegraven, Henrik Kvalem, Signe Seim, Johannes Gjerdåker, Magne Myhra, Ingjald Bolstad og Åse Lilleskare Faugstad. Musikken er komponert av Åge Vaksdal, Elisabeth Vannebo og Jo Asgeir Lie. Diktet "Tvo båtar på fjorden" av Olav H. Hauge er tonsett for første gong i samband med dette prosjektet: Tvo båtar attmed einannan midtfjords. Båe med fiskar på tofta, snøret ute. Same fjorden, same fine vêret for båe. Når den eine dreg ein fisk yver ripi, undrast vel den andre kvifor beit han ikkje på mitt snøre? Um slikt sviv dei ein so fin dag. Det er damekoret D´kor med 28 medlemar og musikarane Jo Asgeir Lie, Kåre Opheim og Elisabeth Vannebo som gir oss dei vakre tonane. Arrangementet er støtta av Norsk Kulturråd, og er eit samarbeid med Voss bibliotek.

    Elvatun, Kjøp billettar